onsdag 28. mai 2008

Mandag såg eg ein motorsyklist verte køyrd ned av ein bil

Eg var på veg heim frå flyplassen etter ei helg i Oslo. Drosja nærma seg gata der eg bur og eg kunne sjå inngangen til "Krasnye Vorota", metrostasjonen min. Brått høyrer eg det kvin kraftig i bremser. Både eg og drosjesjåføren kaster på hovudet og ser til venstre. Det er i ettertid vanskeleg å skilje mellom kva ein har sett og kva ein berre har registrert. Ein bil er i ferd med å bråstoppe. Ein toppboks går i bakken med eit smell. Om eg ser føraren bli reven av sykkelen før han sklir bortover asfalten veit eg ikkje . Men det ser i alle fall stygt ut. Sykkelen fortset uten førar eit stykke før den velter og gneistene står.

Både eg og drosjesjåføren ser forskrekka på kvarandre. Er han i live? Vi har passert men bak oss ser eg motorsyklisten sette seg opp. Han tar etter foten men klarer det ikkje. Bilisten har stoppa og er på veg til han som ligg nede. Andre har også stoppa. Det er lite eg kan gjere så eg betaler for drosjen og går av ved metrostasjonen.

Å vere motorsyklist i ein by der bilane kontinuerlig skifter fil på kryss og tvers kan ikkje vere lett. Samtidig har motorsyklistane her i byen rykte på seg for å holde stor fart og drive hasardiøs køyring. Dei køyrer lett frå trafikkpolitiet som ofte vert ståande fast i kø. Eg nevnte episoden for ein av mine russiske medarbeidarar. Han berre rista oppgitt på hovudet. "Crazy bikers...", var alt han hadde å sei.

Ingen kommentarer: