torsdag 29. mai 2008

Oh, lykke!

JESS!! Det varme vatnet er tilbake! Og det nesten ei veke før tida. Ikkje til å tru... Eg var litt usikker på det der; om dei lar varmtvatnet vere avskrudd ut tida av prinsipp. Men, nei. Laaang varm dusj. slutt på å vaske hendene i isvatn og te-kokaren kan flytte tilbake til kjøkkenet. Ehrrm... Og heller ingen unskyldning for å la oppvasken stå lenger.

onsdag 28. mai 2008

Mandag såg eg ein motorsyklist verte køyrd ned av ein bil

Eg var på veg heim frå flyplassen etter ei helg i Oslo. Drosja nærma seg gata der eg bur og eg kunne sjå inngangen til "Krasnye Vorota", metrostasjonen min. Brått høyrer eg det kvin kraftig i bremser. Både eg og drosjesjåføren kaster på hovudet og ser til venstre. Det er i ettertid vanskeleg å skilje mellom kva ein har sett og kva ein berre har registrert. Ein bil er i ferd med å bråstoppe. Ein toppboks går i bakken med eit smell. Om eg ser føraren bli reven av sykkelen før han sklir bortover asfalten veit eg ikkje . Men det ser i alle fall stygt ut. Sykkelen fortset uten førar eit stykke før den velter og gneistene står.

Både eg og drosjesjåføren ser forskrekka på kvarandre. Er han i live? Vi har passert men bak oss ser eg motorsyklisten sette seg opp. Han tar etter foten men klarer det ikkje. Bilisten har stoppa og er på veg til han som ligg nede. Andre har også stoppa. Det er lite eg kan gjere så eg betaler for drosjen og går av ved metrostasjonen.

Å vere motorsyklist i ein by der bilane kontinuerlig skifter fil på kryss og tvers kan ikkje vere lett. Samtidig har motorsyklistane her i byen rykte på seg for å holde stor fart og drive hasardiøs køyring. Dei køyrer lett frå trafikkpolitiet som ofte vert ståande fast i kø. Eg nevnte episoden for ein av mine russiske medarbeidarar. Han berre rista oppgitt på hovudet. "Crazy bikers...", var alt han hadde å sei.

torsdag 22. mai 2008

Chelsky! Chelsky!

Eg høyrer dei allerede når eg går på tbanen. Vognene er fulle. Det er Chelsea supporterane og. Dei hopper opp og ned og syng for full hals. Eg er på veg til Tinkoff for å sjå Man U - Chelsea. Andre er på veg til Luzjniki Stadion.

Eg er heldig. Ikkje lett å få bord på ein av stamplassane til oss i utlendighet. Ein fyr spør meg om eg er britisk. Han har ein kameramann på slep. "Nei", seier eg. Han fortel at han skulle så gjerne hatt kontakt med nokon britar. "Du finn dei nok her i kveld", seier eg og smiler. Eg får bord og bestiller litt mat og ei øl. Rundt meg sit suporterar både frå Man U og Chelsea. Stemninga er høg. Klokka er 10:40. Lagene kjem ut på banen og stemninga hever seg betraktleg. Ein klapper for begge lag og for enkelte spelarar som vert vist på skjermen. Det er nok ei lita overvekt av Chelsea-supporterar. Det er i alle fall dei som gjer mest lyd frå seg.

Så går avsparket. Jubel! Første sjanse for Man U. Åååh. Ikkje god nok... Corner. Dårlig corner. Frispark. Blokkering av ch. Nytt frispark. Og gult kort. Chelsea får ein sjanse. Corner. Så scoring av Ronaldo! Halve baren jubler den andre halvdelen stønner som i smerte. Det vert heia og hoia. Stor sjanse for Chelsea men Man U redder. Kontring at Man U. To store sjanser. Eit bord med Chelsea-supporterar får stor oppmerksomhet. Tre kameramenn og fleire fotografer svermer rundt dei. Straffe. Stemningen står i taket. Men det er bom! Så scorer Chelsea. Taket løfter seg. Pause...

Kampen er igang igjen. Ny stor sjanse for Chelsea. Ein til. Så tredje sjanse for Chelsea. Frispark til Man U. Chelsea-bordet rister på hovudet. Usamde med domaren. Det går i blitzlampene kvar gong dei skåler. Fotografane vil ha levande fotball. Corner til Chelsea. Jentesupporterane toger rundt i lokalet med eit Chelsea flagg. Corner til Man U, men ikkje noko utbytte. Forsøk på skudd frå Man U. Blir felling frå Man U. Er det straffe? Skudd mot mål men i stolpen! Nytt angrep frå Chelsea. 10 min igjen. Chelsea. Vi er på overtid. Vert det ekstraomganger?

Første ekstraomgang. Utfall frå Man U, men det vert avverga. Jubelen går over i frustrasjon. Innkast frå Chelsea. Nytt skot mot mål. Åååh! Tverrlegger! Skade hos Chelsea. Chelsea prøver seg men bommer. Man U kjem, men bommer. Corner. Første ekstraomgang ferdig.
Andre Ekstraomgang. Dei haler ut tida for å avgjere på straffe. Frispark til chelsea men bom.


Det vert straffekonk. Stemninga på Tinkoff er elektrisk. Alle står. Supporterane heier. Vi veit korleis det gjekk. Det vart ikkje noko gull til Chelsky. Ute regner det. Det vil nok kjøle ned feiringa på Den Raude Plass i kveld.


Eg skal ikkje skryte på meg å vere nokon sportskommentator. Her kan du lese fullt kampreferat.

mandag 19. mai 2008

Canada: 4 - Russland: 5

Slik høyrest det på sportsbar når Russland scorer sigersmålet over Canada:

Og slik ser det ut i hovudgata Tverskaya ti minutt seinere:

Gratulerer med dagen!

Så var dagen her som heile Moskva har venta på - laurdag. Men for oss Nordmenn så er ikkje dette kva for helst laurdag. Det er Nasjonalaurdag - nesten litt som 9. mai. I høve dagen stod eg opp ein time tidlegare enn eg pleier for å varme vatn og ta meg eit godt bad.

Lukka ville det slik at nokre vener hadde funne vegen til Moskva denne helga. Eg møtte dei ved hotellet på Tverskaya og saman rusla vi nedover mot den Raude Plass. Det var ikkje få som kikka både ein og to gonger på den vesle gjengen med norske flagg som kom nedover gata.

Etter ein enkel frukost ga vi oss i veg mot den norske ambassaden for 17. mai feiring. På vegen møtte vi både ein og to nordmenn som slutta seg til det vesle fylgjet vårt. Det var ikkje vanskeleg å finne fram til ambassaden. Korpsmusikken og røyken frå grillane viste veg.

Etter at ambassadøren hadde helsa velkomen var det oppstilling til toget. Det var ikkje det største 17. maitoget, men med ca 250 oppmøtte så var det sikkert ikkje det minste heller. Seansen vart foreviga av det lokale fotobyrået.
Det offisielle programmet starta med "Ja, vi elsker". Og ein syng skjelden nasjonalsangen med slik innleving som når ein er i utlendighet. Deretter var det tale for dagen. Fredrik, ein av ungdomene i det norske miljøet, oppsummerte kort og greit kvifor vi var samla for dagen. Så var det fleire musikalske innslag samt opplesing av telegram frå Slottet, før maten var servert. Her var det kanapèar med mykje godt pålegg, men det var nok pølse med lompe eller brød vi satte størst pris på.
Kvelden blei avslutta med middag på "Datcha ved Pokrovke" før festen fortsatte inn i dei små timer.

Hurra for 17. mai!

søndag 11. mai 2008

Don't panic... and always bring a towel.


Desse orda vil ein gjerne forbinde med Douglas Adams "The Hitch-hikers Guide to the Galaxy". Men like gjerne kunne ein ha henta dei frå "The Expats Guide to Moscow" - dersom det skulle finnast ei sånn bok. Kvart år må Vatn- og kloakketaten gå over alle røyr og tunellar for å inspisere og gjere utbetringer. Dette er for å sikre at folk har tungtvatn i springen, varmtvatn i sentralvarmeanlegget og skittvatn - det vert spyla ned med tungtvatn. Her i byen stenger dei derfor av vatnet slik at arbeidet skal kunne gjennomførast. Og dei stenger ikkje av vatnet i gården nokre timer midt på dagen. Heller ikkje for nokre dagar. Nei, her stenger dei av vatnet i kvar bydel i tre veker!

Dette har mange konsekvenser for moskovittane. Ein får ein god mulighet til å få seg nye vener, talet på besøkande i treningsstudio og banya-er auker, men mest merkbart er likevel at lufta på metroen og andre tett befolka stader får ein noko stramare karakter.

Ein av dei fyrste dagane i mai vart sentralvarmen skrudd av. Det var greit så lenge utetemperaturen var over 20, men så dala den ned mot 7-8 grader og no har det vert ganske kjølig i leiligheten nokon dager. På tirsdag skrur dei av varmtvatnet.

Eg har heldigvis alliert meg med kollega Janne; eg får låne dusjen hans så lenge eg er uten varmt vatn og dei får låne dusjen vår når varmtvatnet forsvinn hos dei. "Just bring a towel..."

lørdag 10. mai 2008

9. mai - Sigersdagen

Medan andre land minnes dei falne, feirer Ivan og Tatiana over heile Russland sigeren over Tyskland i 1945. Det er vel det næraste ein kjem vår 17. mai. Likhetene er mange; ein varmer opp med nokon gode gamle marsjer før ein trekker ut i gatene og parkane, det er flagg og faner og det er tog.

I år var det for fyrste gong siden 1990 ikkje berre soldatar men og tyngre våpen som blei vist fram. Sjølv stod eg i eit kryss ved Majakovskaja Metro. Folk stod alt langs gatene og strekte hals. Massivt oppbud av politi og soldatar passa på at folkemengda holdt seg på fortauene. Dei fleste har med seg fotoapparat eller kamera - prøver forskjellige vinklar, zoom, med blitz eller utan. Alle vil ha eit minne frå den store dagen. Det ser ut til at paraden vil komme frå to retninger for so å samlast ned Tverskaja mot den Raude Plass.

Brått går det eit sus gjennom forsamlinga. Ei gruppe soldatar kjem i springmarsj og blokkerer den eine sidegata. Men ingen ting skjer. Falsk alarm. Folk ser på kvarandre og går tilbake til kvileposisjon.
I det fjerne høyrer vi svak buldring. Er det indianarane som kjem? Nei! Lavt over hustaka frå den Raude Plass kjem det brått to helikopter. Stemninga stig. Noko roper: "PABEDA!"; "SIGER!". Andre svarer: "'ORRA!!" og med det same flyg eit bombefly med eskorte like over oss. Og så eit til. Ei pause - så nye fly. Jagarfly denne gongen. Slik fortset det i fleire vender.


Alle har augo retta mot himmelen. Flya er borte men vi har fortsatt motorbrøla i øyrene. Det er då vi oppdagar at dei to gatene er fulle av tanks og andre militære køyretøy. Dieseleksosen sig oppover gata. Kolonnene i sidegate får komme inn først. Det brøler i motorer og bakken rister - fyrst mindre køyretøy, deretter tanks og andre panservogner. I mellom kjem det mobile rakettutskytingsramper. Nokon køyretøy har rakettar fullt synlege der dei ruller nedover gata. Andre har sigarliknande røyr på lasteplanet. Eit par er like lange som eit vogntog. Er det atomvåpen som glid forbi oss på få meters avstand? Ikkje godt å sei - men ryktene vil ha det til det.




Sidegata er tom og kolonnene i hovudgata set seg i rørsle. Meir av det same. Tanks og kanoner, panserkøyrtøy og sigarhylser. Så er det slutt og berre diesellukta er igjen. Paraden fortset ned mot den Raude Plass og den nye presidenten og hans folk. Eg går for å ete lunch.

Kva er vel ikkje meir naturleg enn å besøke sigersparken på Sigersdagen - tenker eg. Det har og ca 1 millon Moskovitter gjort og. Det er ein stim ut av metro stasjonen Park Pobedy. Det er ikkje noko anna å gjere enn å følge stimen og sjå kvar ein hamnar. Etter sikkerhetskontrollen inn i parken løyser det seg opp og ein kan bevege seg fritt. Folk rusler omkring, det er is og brus og pølser i brød. Og som vanleg i russiske parker er det sjasjlik (grillspyd) og øl. Nokon leiker seg med draker andre nytter høvet til å besøke krigsmusèet som ligg i parken. Det er satt opp scener med underholdning. I løpet av kvelden skal det vere fleire konserter her.

Rundt meg ser eg krigsveteranar - nokon i uniform, andre kun med dekorasjonane sine. Alle ber på ein bukett med langstilka nelliker. Unge går bort til dei - kanskje for å gratulere eller i alle fall på ein eller annan måte å vise respekt for det dei har gjort.

Kvelden vert avslutta med fyrverkeri før feiringa fortset i Moskva sine gater til langt ut i dei små timer. Flya som skulle holde regnet unna har landa - det er overskya og eg kjenner eit par droper mot kinnet.



(P.S. Eg går ut frå at når du ser dette med ei anna skjermoppløysing enn det eg har så vert heile layouten føkka. Det er ikkje akkurat noko avansert layoutprogram dette her...)

fredag 9. mai 2008

Dagen før dagen...

Tone har reist tilbake til Oslo for å gjere ferdig studiene så det har vert litt tomt i leiligheten denne veka. Men det er nok å gjere på jobb - og tida flyg når ein har det morro.

Eg har prøvd å få unna det siste papirarbeidet for at flyttelasset skal gå så "smooth" som mulig gjennom tollen. Det kjem nok ikkje til å skje. Har ein ikkje rett underskrift og rett stempel på rett papir, kan ein sjå langt etter flyttelasset. I dag har eg vert til Notarius og fått skrive Power of Attorney slik at flytteselskapet kan innføre tinga våre på mine vegne.

Elles har Moskva førebudd seg på den store feiringa av 9. mai - Victory Day - dagen då tyskarane blei kasta ut av landet. I fleire veker har dei pussa og malt blomsterkasser, kosta fortau og hengt opp dekorasjonar. Ryktene seier at det til og med er fly som flyg rundt Moskva som strør ut kjemikalier slik at det ikkje skal regne på paraden som skal gå over Den Røde Plass. Vi får sjå kva morgondagen vil bringe... Det er i alle fall fri så får ein nyte sola medan ein kan.

søndag 4. mai 2008

Mai!

Nå var det jammen lenge siden sist jeg hadde skrevet her! Dagene flyr av gårde..

Stort sett har uken min gått med til å være i parken i finværet, sammen med Nina og Emilia. Kroppen har fått litt farge, og fregnene titter frem. Vi har også vært og spist lunsj sammen med gutta, en gang på Kolbasoff (som nevnt sist), og noen dager etterpå lagde vi lunsj til gutta hjemme hos Nina og Janne.

1.-mai helgen er frihelg her i Russland. 1.-mai var vi en tur på Den Røde Plass for å se om det var 
noe opptog eller noe slikt, men det så vi ikke. Det var imidlertid flust med militære og politi over alt. 9.-mai-feiring er stort her, så de holdt på med rigging til dette på plassen. Vi spiste lunsj på en kafé på Tverskaya (hovedgata), før vi dro hjem. 
2. mai hadde vi 1,5-års dag. Vi tok en sen morgen, og koste oss hjemme. Senere møtte vi Janne, Nina, Emilia og Jannes foreldre på en meksikansk restaurant som heter Pancho Villa, til lunsj. Det ble avtalt at vi skulle komme til dem på kvelden for å spise typisk finsk 1.-mai dessert. Da vi kom hjem fikk jeg den første bursdagsgaven min (i tilfelle regn dagen etter), og det var en gitar til til Guitar Hero-spillet på Nintendo Wii. Så da ble det spilt noen runder sammen, før vi dro til Sokolniki og dessert. Etterpå ble Janne med ned til oss for å spille litt Nintendo, og vi spilte boksing hele gjengen og er stive og støle nå.

Så var det tid for bursdagen min!! Ble vekket av en koselig telefon fra mamma og pappa som var på Beitostølen. Så fikk jeg den andre gaven min, som var et nyyydelig smykke fra Dyrberg & Kern. Vi hadde store planer i dag, så vi inntok frokosten på kafeen på hjørnet, før vi tok t-banen. Jeg har gjort en oppgave om t-banen her i Moskva, så vi kjørte først litt rundt for å se de stasjonene jeg hadde omtalt, og tok bilder. Så dro vi til Gorkyparken. Her tuslt vi litt rundt og 
så på livet, før vi spiste shashlik (grillede spyd) og drakk øl. Etterpå tuslet vi videre, og fant en benk hvor vi drakk medbrakt champagne!
Etter at champagnen var inntatt fant vi elvecruise-stasjonen, og tok elvecruise fra Gorky parken, forbi Kremlin og til endestasjonen. Egentlig er ruta lenger, men det hadde vi ikke tid til pga. en bordseservasjon på kvelden. Vi rakk så vidt hjem om før vi gikk til en restaurant Kristian hadde fått tips om, som lå like i nærheten. Den het Shanti, og var en thai/vietnamesisk restaurant med et utrolig kult interiør! Det er også tealounge der. Vi spiste nydelige kongereker og ris kokt i kokosmelk.
Da vi kom hjem fra restauranten var vi så slitne at vi la oss med en gang. Verdens beste bursdag! 

I dag er Kristian i et kundemøte (i dag er faktisk en arbeidsdag her i Russland), og i mens skal jeg pakke. For i kveld reiser jeg hjem til Norge for å gjøre ferdig skolen. Så fra nå av blir det opp til Kristian å oppdatere denne bloggen!