Desse orda vil ein gjerne forbinde med Douglas Adams "The Hitch-hikers Guide to the Galaxy". Men like gjerne kunne ein ha henta dei frå "The Expats Guide to Moscow" - dersom det skulle finnast ei sånn bok. Kvart år må Vatn- og kloakketaten gå over alle røyr og tunellar for å inspisere og gjere utbetringer. Dette er for å sikre at folk har tungtvatn i springen, varmtvatn i sentralvarmeanlegget og skittvatn - det vert spyla ned med tungtvatn.
Her i byen stenger dei derfor av vatnet slik at arbeidet skal kunne gjennomførast. Og dei stenger ikkje av vatnet i gården nokre timer midt på dagen. Heller ikkje for nokre dagar. Nei, her stenger dei av vatnet i kvar bydel i tre veker!

Dette har mange konsekvenser for moskovittane. Ein får ein god mulighet til å få seg nye vener, talet på besøkande i treningsstudio og banya-er auker, men mest merkbart er likevel at lufta på metroen og andre tett befolka stader får ein noko stramare karakter.
Ein av dei fyrste dagane i mai vart sentralvarmen skrudd av. Det var greit så lenge utetemperaturen var over 20, men så dala den ned mot 7-8 grader og no har det vert ganske kjølig i leiligheten nokon dager. På tirsdag skrur dei av varmtvatnet.
Eg har heldigvis alliert meg med kollega Janne; eg får låne dusjen hans så lenge eg er uten varmt vatn og dei får låne dusjen vår når varmtvatnet forsvinn hos dei. "Just bring a towel..."
2 kommentarer:
Eg tar gjerne imot kommentarar om kor sunt og bra det er med kalde dusjer :-P
Urk :-S
Ble ikke misunnelig. He he.
Linda*
Legg inn en kommentar