lørdag 10. mai 2008

9. mai - Sigersdagen

Medan andre land minnes dei falne, feirer Ivan og Tatiana over heile Russland sigeren over Tyskland i 1945. Det er vel det næraste ein kjem vår 17. mai. Likhetene er mange; ein varmer opp med nokon gode gamle marsjer før ein trekker ut i gatene og parkane, det er flagg og faner og det er tog.

I år var det for fyrste gong siden 1990 ikkje berre soldatar men og tyngre våpen som blei vist fram. Sjølv stod eg i eit kryss ved Majakovskaja Metro. Folk stod alt langs gatene og strekte hals. Massivt oppbud av politi og soldatar passa på at folkemengda holdt seg på fortauene. Dei fleste har med seg fotoapparat eller kamera - prøver forskjellige vinklar, zoom, med blitz eller utan. Alle vil ha eit minne frå den store dagen. Det ser ut til at paraden vil komme frå to retninger for so å samlast ned Tverskaja mot den Raude Plass.

Brått går det eit sus gjennom forsamlinga. Ei gruppe soldatar kjem i springmarsj og blokkerer den eine sidegata. Men ingen ting skjer. Falsk alarm. Folk ser på kvarandre og går tilbake til kvileposisjon.
I det fjerne høyrer vi svak buldring. Er det indianarane som kjem? Nei! Lavt over hustaka frå den Raude Plass kjem det brått to helikopter. Stemninga stig. Noko roper: "PABEDA!"; "SIGER!". Andre svarer: "'ORRA!!" og med det same flyg eit bombefly med eskorte like over oss. Og så eit til. Ei pause - så nye fly. Jagarfly denne gongen. Slik fortset det i fleire vender.


Alle har augo retta mot himmelen. Flya er borte men vi har fortsatt motorbrøla i øyrene. Det er då vi oppdagar at dei to gatene er fulle av tanks og andre militære køyretøy. Dieseleksosen sig oppover gata. Kolonnene i sidegate får komme inn først. Det brøler i motorer og bakken rister - fyrst mindre køyretøy, deretter tanks og andre panservogner. I mellom kjem det mobile rakettutskytingsramper. Nokon køyretøy har rakettar fullt synlege der dei ruller nedover gata. Andre har sigarliknande røyr på lasteplanet. Eit par er like lange som eit vogntog. Er det atomvåpen som glid forbi oss på få meters avstand? Ikkje godt å sei - men ryktene vil ha det til det.




Sidegata er tom og kolonnene i hovudgata set seg i rørsle. Meir av det same. Tanks og kanoner, panserkøyrtøy og sigarhylser. Så er det slutt og berre diesellukta er igjen. Paraden fortset ned mot den Raude Plass og den nye presidenten og hans folk. Eg går for å ete lunch.

Kva er vel ikkje meir naturleg enn å besøke sigersparken på Sigersdagen - tenker eg. Det har og ca 1 millon Moskovitter gjort og. Det er ein stim ut av metro stasjonen Park Pobedy. Det er ikkje noko anna å gjere enn å følge stimen og sjå kvar ein hamnar. Etter sikkerhetskontrollen inn i parken løyser det seg opp og ein kan bevege seg fritt. Folk rusler omkring, det er is og brus og pølser i brød. Og som vanleg i russiske parker er det sjasjlik (grillspyd) og øl. Nokon leiker seg med draker andre nytter høvet til å besøke krigsmusèet som ligg i parken. Det er satt opp scener med underholdning. I løpet av kvelden skal det vere fleire konserter her.

Rundt meg ser eg krigsveteranar - nokon i uniform, andre kun med dekorasjonane sine. Alle ber på ein bukett med langstilka nelliker. Unge går bort til dei - kanskje for å gratulere eller i alle fall på ein eller annan måte å vise respekt for det dei har gjort.

Kvelden vert avslutta med fyrverkeri før feiringa fortset i Moskva sine gater til langt ut i dei små timer. Flya som skulle holde regnet unna har landa - det er overskya og eg kjenner eit par droper mot kinnet.



(P.S. Eg går ut frå at når du ser dette med ei anna skjermoppløysing enn det eg har så vert heile layouten føkka. Det er ikkje akkurat noko avansert layoutprogram dette her...)

1 kommentar:

Anonym sa...

Utrolig fasienerde skrevet, føler nesten at jeg var der jeg og!