mandag 19. mai 2008

Gratulerer med dagen!

Så var dagen her som heile Moskva har venta på - laurdag. Men for oss Nordmenn så er ikkje dette kva for helst laurdag. Det er Nasjonalaurdag - nesten litt som 9. mai. I høve dagen stod eg opp ein time tidlegare enn eg pleier for å varme vatn og ta meg eit godt bad.

Lukka ville det slik at nokre vener hadde funne vegen til Moskva denne helga. Eg møtte dei ved hotellet på Tverskaya og saman rusla vi nedover mot den Raude Plass. Det var ikkje få som kikka både ein og to gonger på den vesle gjengen med norske flagg som kom nedover gata.

Etter ein enkel frukost ga vi oss i veg mot den norske ambassaden for 17. mai feiring. På vegen møtte vi både ein og to nordmenn som slutta seg til det vesle fylgjet vårt. Det var ikkje vanskeleg å finne fram til ambassaden. Korpsmusikken og røyken frå grillane viste veg.

Etter at ambassadøren hadde helsa velkomen var det oppstilling til toget. Det var ikkje det største 17. maitoget, men med ca 250 oppmøtte så var det sikkert ikkje det minste heller. Seansen vart foreviga av det lokale fotobyrået.
Det offisielle programmet starta med "Ja, vi elsker". Og ein syng skjelden nasjonalsangen med slik innleving som når ein er i utlendighet. Deretter var det tale for dagen. Fredrik, ein av ungdomene i det norske miljøet, oppsummerte kort og greit kvifor vi var samla for dagen. Så var det fleire musikalske innslag samt opplesing av telegram frå Slottet, før maten var servert. Her var det kanapèar med mykje godt pålegg, men det var nok pølse med lompe eller brød vi satte størst pris på.
Kvelden blei avslutta med middag på "Datcha ved Pokrovke" før festen fortsatte inn i dei små timer.

Hurra for 17. mai!

Ingen kommentarer: