onsdag 4. juni 2008

Last Stoppers Club

I helga hadde eg mitt første møte med Last Stoppers Club. Last Stoppers Clubb er ei laus samling av unge og gamle i utlendighet og russarar i Moskva som den siste lørdagen i månaden tar på seg tropehjelmen og ekspedisjonsstøvlene og utforsker utkantane av Moskva by. Konseptet går ut på å reise til den siste stoppen på ei utvald t-baneline og besøke den lokale puben, restauranten eller parken og ta eit par øl med dei som bur i området. Turen denne gongen gjekk til Tsjelkovskaya, nord i Moskva.

Oppmøte var satt til presis klokka 20 på Kurskaya stasjon, blå linje. Eg var tidlig ute. Dette kunne verte spennede. Treffe nye folk sjå nye deler av byen, plasser som ein normalt ikkje ville oppsøkt. Eg ser etter nokon som kan likne på ein gjeng med tørste eventyrarar. Ikkje nokon som utmerker seg umiddelbart. Eg har eit ungt par i kikkerten. Og når eg høyrer dei prater engelsk tar eg kontakt. Vi er visst dei første. Det går nokre minutter og der dukker det opp ei til; "Last Stoppers?". Vi bekrefter. No strøymer det på, og når klokka er slagen vi ein god gjeng på nokon-og-tjue.

Stemninga er god. Nokon er veteraner og har vert med på dette før. Dei fortel om dansing med babusjka'er og russsisk forbrødring. Andre er som meg heilt nye - vi høyrer på med store auge. Etter ca 20 minutt og eit togbyte er vi framme ved endestasjonen. Som nysgjerrige ørkenrotter stikk vi hovudet opp av jorda. Kva venter oss her? Det er overraskende mykje faktisk. Her er fleire kafèer og barer, butikker torg og boder. Nok ein gong vert ein minna på kor stor denne byen faktisk er. Og den veks i alle fall fortare enn tbaneutbygginga klarer å holde følge. Etter litt om og men vert vi einige om ein stad vi går inn. Vi klarer å overtale servitøren til å organisere bord slik at vi kan sitte saman. Han er ikkje vanskeleg å be sjølv om han må flytte andre gjester til andre bord. Praten går lett. "Hei, kva-heiter-du-ifrå og kva driv du med elles?" Det er ei samansatt gruppe. Unge og eldre, studenter, lærarar, advokater, arkitekter, it-folk, og økonomer. Alle har sine erfaringer og historier frå Moskva og andre byer som dei gjerne deler. Ein er advokat frå LA og slekter på Mendelsson. Besteforeldra hans utvandra frå Tyskland.

Etter eit par timer er det avgarde til neste stad. Er det ein stad med litt musikk og dans her? Vi tar over ein ny bar. Ikkje noko dans, men dei har i alle fall musikk. Nye folk å snakke med. No to frå ulike idèelle organisasjoner som jobber med forretningsetikk. Dei tilbyr forelesninger og konsultasjon til bedrifter og banker i Russland som handler med vesten.

Tida går fort snart er det oppbruddsstemning og vi gjer oss i veg til metroen igjen. Nokre av oss skal videre ut på byen. Månedskortet mitt er gått ut og eg må kjøpe nytt. Det tar litt tid og når eg kjem ned på perrongen ser eg dørene på tbanen lukker seg. Alle dei andre er ombord. Heldigvis har eg fått eit par telefonnummer som eg kan ringe - berre tbanen kjem til neste stasjon så eg får dekning. Eg står klar til å trykke på ring i det vi køyrer inn på stasjonen. Men eg kan legge mobilen fint i lomma igjen. For der står heile gjengen og venter. "Leave nobody behind..."


Eg ser fram til neste siste stopp.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så spennende!
Lurer på om man kan gjøre noe lignende i Oslo...f.eks ta 5'ern til Vestli og gå på Elmers Pub (hvis den fortsatt eksisterer)
:-P

Anonym sa...

Minner meg litt om den gang da vi bodde i Firenze og ungene gikk på AISF (American International School of Florence), da var det på noen lørdager Walkabout, de møttes et avtalt sted gikk runder på forskjellige steder i byen, og endte opp på en lokal pizzeria, med forhåpentligvis cola (??!) ved siden av pizzaen.